Hopp til innhold
Ekte honningsopp.
Ekte honningsopp.
X
Innhald

Honningsoppar

Honningsoppar, hattsoppar av slekta Armillaria. Dei er brune med skiver som går nedover, ring på stilken og kvite sporar. Honningsoppane veks i tette klyngjer på døde stubbar og stammar.
 
Fire artar er kjende i Noreg. Fleire honningsoppar er svært skadelege parasittar som årleg gjer skade for millionbeløp i skogbruket. Enkelte brukar dei som matsopp (berre hatten), men dei kan også føre til lettare forgiftingar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.08.2012
Sist oppdatert: 31.08.2012