Hopp til innhold
X
Innhald

Hussoppar

Hussoppar, soppartar som opptrer på trevirke i hus og anna og bryt dette ned. Farlegast er ekte hussoppar, Serpula lacrymans, som produserer sitt eige vatn og kan leve i ganske tørt virke. Soppane krev eit basisk miljø i form av kalk eller mørtel for å utvikle seg. Det krevst sakkunnige for å fjerne framvekst av hussoppar, men ein kan førebyggje det ved å hindre vasstilgang.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012