Hopp til innhold
Kantarellar.Foto: Allkunne.
Kantarellar.Foto: Allkunne.
X
Innhald

Kantarell

Kantarellar, hattsoppar med stråleforma og forgreina butte faldar på undersida. Kantarell er ein av våre viktigaste matsoppar.

Ekte kantarell, Cantharellus cibarius, ein av dei høgst skatta matsoppane i verda, er heilt eggegul. Soppen har ribbar som går nedover stilken og kjøtet luktar mildt.
 
Trektkantarell, Cantharellus tubaeformis, har brun hatt med tynt kjøt og gråare, hol stilk, og finst enkelte år i store mengder seint på hausten. Denne er også etande, men har noko seinare sesong enn ekte kantarell.
 
Det finst åtte ulike artar med kantarell her i Noreg og alle kan etast.

Kantarellen veks i heile Noreg nord til Nordland og finst somme stader i Troms. Hovudsesong er juni til oktober. Den veks i eldre granskog og bjørkeskog. Kantarellen veks ofte i grupper og hentar næring via mykhorrzia, eit symbioseforhold med røtene til trea. Dette gjer at kantarell ikkje kan dyrkast i til dømes drivhus.
 
 
 
Sjå video frå NRK Skole: "God matsopp":
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 22.08.2016