Hopp til innhold
Knuskkjuke.
Knuskkjuke.
X
Innhald

Kjuker

Kjuker, harde eller seige poresoppar som er vanlege på stubbar og trestammar, oftast som ei lita, utståande hylle. Mest kjend er knivkjuka som alltid veks på bjørk og tidlegare vart brukt som knivpute eller nålepute, og knuskkjuke, Fomes fomentarius, som vart pulverisert og brukt ved tenning av eld med flintstål eller fyrtøy.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.08.2012
Sist oppdatert: 31.08.2012