Hopp til innhold
Steinlav.
Steinlav.
X
Innhald

Lav

Lav, organismegruppe der kvart individ inneheld både soppceller og algeceller. Det intime samlivet mellom sopp og alge er fordelaktig for begge partar (symbiose), og lava er svært hardføre organismar som kan gro der andre planter må gi opp, til dømes i polarområde og høgt til fjells.
Algen sørgjer for produksjon av organiske stoff ved fotosyntese, og soppen sørgjer for mineralnæring, vatn og vern mot uttørking. Lav tek opp radioaktivt nedfall frå atmosfæren, og dette kan etter kvart nå høge konsentrasjonar ettersom lav veks svært langsamt. Lav er lite motstandsdyktig mot luftforureiningar, spesielt svoveldioksid, og blir brukt som indikator på forureiningsgraden i lufta.
Det finst om lag 20 000 lavartar, og ein finn vel 2000 av dei i Skandinavia.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.08.2012
Sist oppdatert: 31.08.2012