Hopp til innhold
X
Innhald

Mjølauk

Mjølauk, Claviceps purpurea, sopp som veks på korn, med gråsvarte, giftige, 2–3 cm lange organ (sklerotium) i kornakset, og som inneheld ergotamin. Dette fører til hallusinasjonar, koldbrann og førte i tidlegare tider til massedødsfall.
 
Ergotamin er eit medisinsk viktig alkaloid og blir dyrka for dette føremålet. Sklerotiestadiet blir kalla Secale cornutum.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.08.2012
Sist oppdatert: 31.08.2012