Hopp til innhold
X
Innhald

Mykorrhiza

Mykorrhiza, eit intimt samliv (symbiose) mellom soppar og grøne planter som går føre seg i ei eller anna form hos dei aller fleste plantene. Dette fører til auka vekst og motstandsdugleik for den grøne planta, spesielt under stress. Mykorrhiza hos tre kallar ein sopprot (ektomykorrhiza). Ein spesiell type, VA-mykorrhiza, finn ein hos dei fleste urteaktige plantene.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.09.2012
Sist oppdatert: 05.09.2012