Hopp til innhold
 Skjeggriske.Foto: sopper.no
Skjeggriske.Foto: sopper.no
X
Innhald

Risker

Risker, hattsoppar av slekta Lactarius, som ein kjenner på at alle har mjølkesaft og sprøtt kjøt. Matriskene med oransje mjølkesaft er fine matsoppar, og det same er mandelriskene. Ein kan ete alle skarpe risker som skjeggriske, raudbrun peparriske og holriske etter forvelling eller utvatning. Lakrisriske med mild, vassklar mjølkesaft er lett giftig.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.09.2012
Sist oppdatert: 05.09.2012