Hopp til innhold
X
Innhald

Rotbrann

Rotbrann, fellesnemning på soppartar som går til angrep på røtene på småplanter og fører til at dei visnar og døyr. Dette kan kome av jordbuande soppar som svartskurvsopp, Rhizoctonia, og algesoppar som Pythium og Phytophtora, eller soppartar som følgjer med frøet ned i jorda og utviklar seg samtidig med frøspiringa.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.09.2012
Sist oppdatert: 06.09.2012