Hopp til innhold
X
Innhald

Rustsoppar

Rustsoppar (latin Uredinales), parasittsoppar på ville planter og kulturvekstar, der dei kan gjere stor skade.
 
Det finst om lag 4600 rustsoppartar, og dei høyrer til stilksporesoppane (Basidiomycotina) og vekslar vert. Det vil seie at den same sopparten opptrer i ulike utviklingsstadium på ulike vertsplanter. Til dømes veks svartrust, Puccinia graminis, i eitt stadium på berberis og på eit seinare stadium på kornslag eller gras.
 
Rustsopp blir motarbeidd ved bruk av motstandsdyktige kornsortar, utrydding av mellomvertar og ved sprøyting.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.09.2012
Sist oppdatert: 06.09.2012