Hopp til innhold
 Kjempetraktmusserong.Foto: sopper.no
Kjempetraktmusserong.Foto: sopper.no
X
Innhald

Skivesoppar

Skivesoppar, hattsoppar med stråleforma skiver på undersida av hatten der sporane blir danna. Dei aller fleste hattsoppane er skivesoppar.
 
Viktige slekter av skivesoppar i Noreg er flugesopp (Amanita), honningsopp (Armillaria), traktsopp (Clitocybe), vintersopp (Flammulina), blekksopp (Coprinus), vokssopp (Hygrophorus), risker (Lactarius), parasollsopp (Lepiota), nelliksopp m.m. (Marasmius), skjelsopp (Pholiota), sjampinjongar (Agaricus), kremler (Russula) og musserongar (Tricholoma).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.09.2012
Sist oppdatert: 06.09.2012