Hopp til innhold

 Trollsmør.
Foto: sopper.no
Trollsmør. Foto: sopper.no
X
Innhald

Slimsoppar

Slimsoppar (latin Myxomycota), primitiv organismegruppe som er skild ut som eige rike. I det vegetative stadiet (plasmodiestadiet) kan dei røre seg amøbeliknande, dei tek opp fast næring, og dei har ikkje cellevegg anna enn i sporestadiet. Men på grunn av sporedanninga har dei tradisjonelt vore rekna som sopp. Slimsoppane har ekte cellekjerner og høyrer til eukaryota.
Enkelte er parasittar, til dømes klumprotsopp, Plasmodiophora brassicae, på kålvekstar, medan dei fleste, til dømes trollsmør, Fuligo septica, og ulvemjølk, Lycogala epidendron, veks som saprofyttar på rotnande ved. Det finst om lag 500 kjende artar, og 200 av dei finst i Noreg

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.09.2012
Sist oppdatert: 06.09.2012