Hopp til innhold
 Blodkremle.Foto: sopper.no
Blodkremle.Foto: sopper.no
X
Innhald

Sopp

Sopp (gresk Mycophyta, latin Fungi), ei gruppe organismar som høyrer til eit eige rike, soppriket, som er sidestilt med planteriket, dyreriket, bakteriar og slimsopp.

Soppane kan vekse praktisk talt overalt og har ikkje klorofyll. Dei lever av ferdigprodusert, dødt eller levande, organisk materiale. I naturen medverkar sopp i vesentleg grad til å bryte ned avfall, men også nyttige produkt, som trevirke, næringsmiddel m.m, og mange soppartar fører til sjukdomar på levande organismar, planter, dyr og menneske.

(Artikkelen held fram etter videoen)

Video frå NRK Skole: «Hva er sopp?».

Soppriket har om lag 100 000 kjende artar. Ved sidan av storsoppane (hattsoppar, røyksoppar, morklar osb.) finst det mange mikrosoppar (gjær-, mugg-, rust-, algesoppar osb.). Soppane er bygde opp av mikroskopisk små celletrådar, hyfar. Hyfane dannar eit tett vev, mycelium, som veks gjennom substratet og sørgjer for næringsopptaket. Mange soppar har ulike typar ukjønna sporar og nokre dannar kjønna sporar utan å danne synlege fruktlekamar. Dette gjeld dei fleste mikrosoppane. Nokre soppar lever eit intimt samliv med algar og dannar lav. Eit tilsvarande samliv mellom sopp og andre grøne planter kallar ein mykorrhiza, og dette er svært utbreidd i naturen.

Sopp blir mellom anna utnytta i øl- og vingjæring, bakst, osteproduksjon og i mange industrielle prosessar, til dømes framstilling av medisinar (antibiotika m.m.), enzym og organiske syrer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.09.2012
Sist oppdatert: 14.08.2017