Hopp til innhold
X
Innhald

Stikkelsbærdrepar

Stikkelsbærdrepar (latin Sphaerotheca morsuvae), ein mjøldoggsopp som skader stikkelsbærbusker (til dels også solbær) ved å gå til angrep på unge skot og bær. Han er synleg som eit kvitt, mjølaktig belegg som etter kvart blir brunt. Det finst kjemiske sprøytemiddel mot stikkelsbærdreparen, og det er utvikla stikkelsbærsortar som er immune mot han.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.09.2012
Sist oppdatert: 06.09.2012