Hopp til innhold
 Svovelriske.Foto: sopper.no
Svovelriske.Foto: sopper.no
X
Innhald

Svovelriske

Svovelriske (latin Lactarius scrobiculatus), skivesopp med halmgul og inntil 20 cm brei hatt med lysegule skiver og lysegul stilk med mørke flekker (groper). Svovelriska luktar godt, men er skarp på smak. Ho har kvit mjølkesaft som blir svovelgul etter 10–20 sekund. Svovelriska veks i fuktig granskog og er etande etter forvelling.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.09.2012
Sist oppdatert: 06.09.2012