Hopp til innhold
  Bakteriar. Foto: Adam Coster, flickr.com
Bakteriar. Foto: Adam Coster, flickr.com
X
Innhald

Bakteriar

Bakteriar (av gresk bakterion, ’liten stav’), mikroskopiske, oftast eincella organismar utan klorofyll som står mellom planter og dyr. Dei formeirar seg normalt ved deling. Bakteriar finst overalt i naturen, men dei trivst best i fukt og varme. Dei fleste bakteriane er livsviktige for hushaldet og livsprosessane i naturen, men nokre framkallar sjukdom hos planter, dyr og menneske ved å bryte ned vev eller produsere giftstoff.
Ein deler inn bakteriane etter form i kokkar (kuleforma), stavar (stavforma), vibrionar (kommaforma), spiroketar (skrueforma) og spirillar (spiralforma).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.09.2012
Sist oppdatert: 11.09.2012