Hopp til innhold
X
Innhald

Basill

Basill (av latin bacillus, ’liten stav’), tidlegare nemning på alle stavforma bakteriar. No nyttar ein ordet om alle sporedannande stavbakteriar, slekta Bacillus.
 
Sporestadiet er svært motstandsdyktig overfor ytre påverknader, som kulde, varme, lys og tørke.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.09.2012
Sist oppdatert: 11.09.2012