Hopp til innhold
X
Innhald

Blågrønalgar

Blågrønalgar (latin Cyanophyceae), primitivt organiserte algar utan cellekjerne. Fargen kjem av at det blå fargestoffet c-fykocyanin og det raude c-fykoerytrin dekkjer over det grøne klorofyllet. Blågrønalgar veks i ferskvatn og saltvatn, i og på jord, på stein, trestammar, murvegger m.m. Dei veks til og med i varme kjelder og i Antarktis. Mange artar trivst ekstra godt i forureina vatn, og dei blir brukte som indikatorplanter i vassdrag og innsjøar.
Fleire artar har evna til å binde nitrogenet i lufta, og i rismarkene i Asia er mellom anna artar av slekta Anabaena viktige nitrogenkjelder. Blågrønalgar blir no ofte rekna til same gruppe som bakteriar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 12.09.2012