Hopp til innhold
 Brunalge. Foto: Travis S., flickr.com
Brunalge. Foto: Travis S., flickr.com
X
Innhald

Brunalgar

Brunalgar (latin Phaeophyceae), ei svært formrik gruppe algar som varierer frå små trådforma cellerekkjer til store, treliknande artar. Den lengste av brunalgane i Noreg blir 5 m lang, medan Macrocystis pyrifera, den lengste av alle kjende algar, kan bli 60 m lang. Felles for alle brunalgar er det brune fargestoffet fukoxantin samt rørlege sporar og gametar med to ulike, lange, sidestilte flagellar.
Dei fleste brunalgane finn ein i havet, med best utvikling i kalde og tempererte farvatn. Mest iaugefallande er dei store tang- og tareartane. I fjøresona finn vi blæretang, sagtang, spiraltang og grisetang. Lenger ned veks fingertare som eit belte, og heilt under vatn dannar stortare store, undersjøiske tareskogar. På botnen av sund mellom holmar og skjer veks sukkertare, og på grunt vatn veks martaum.
Brunalgane har gjerne eit livsløp med skifte mellom ein kjønna og ein ukjønna generasjon. Enkelte tareartar dannar råstoff for alginat- og tangmjølproduksjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 12.09.2012