Hopp til innhold
X
Innhald

Euglena

Euglena, algeslekt som høyrer til flagellatane, og som er vanleg i ferskvatn i dammar, gjødselpyttar og andre stader med sterk forureining av organiske stoff. Der dei opptrer i større mengder blir vatnet grønfarga.
 
Slekta har nokre artar som ernærer seg sjølv ved hjelp av klorofyllet sitt (som hos høgare planter). Andre artar lever av dødt organisk materiale, medan andre igjen lever av levande organismar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 12.09.2012