Hopp til innhold
 Fingertare. Foto: Christophe Quintin, flickr.com
Fingertare. Foto: Christophe Quintin, flickr.com
X
Innhald

Fingertare

Fingertare (latin Laminaria digitata), 1–4 m lang brunalge. Han har lang, tynn, glatt og bøyeleg stilk og ein flat, bladaktig del som er splitta opp i fingeraktige avsnitt. Stilken er fleirårig og har ei form for årringar.
 
Fingertare veks på sterkt utsette stader eller i sund med sterk straum. Algen er viktig som råmateriale til alginatproduksjon. Andre namn på fingertare er silketare, stroktare, tongeltare, langtare og soll.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 12.09.2012