Hopp til innhold
 Grisetang. Foto: Shandchem, flickr.com
Grisetang. Foto: Shandchem, flickr.com
X
Innhald

Grisetang

Grisetang (latin Ascophyllum nodosum), brunalge som er den mest dominerande tangarten langs heile norskekysten. Algen er bruskaktig og inntil 1,5 m lang. Han har gaffeldelte skot og er utstyrt med ovale flyteblærer. Frå gammal tid brukte ein grisetang til fôr og gjødsel, og i dag dannar han grunnlaget for norsk tangmjølindustri.
 
Andre namn på arten er hestetang, knuppetang, knopptang, boletang og blæretang.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 12.09.2012