Hopp til innhold
X
Innhald

Kiselalgar

Kiselalgar (latin Bacillariophyta) eller diatomear, eincella algar med kiselsyre (silisiumdioksid) i celleveggen. Dei er autotrofe (sjølvernærande) planter med fotosyntese der det grøne fargestoffet er dekt av brungule pigment. Celleveggen omfattar to skal, som botnen og loket på ei øskje. Kiselalgane formeirar seg vegetativt ved tverrdeling av cellene. Dei utgjer ein viktig del av planktonet rundt kysten og dannar næringsgrunnlag både for fisk og kval.
Kiselalgar finst også i ferskvatn, og dei veks på andre planter (som epifyttar) eller fast på sjøbotnen. I tillegg er dei vanlege på fuktige bergvegger og i fuktig jord. Diatoméskal er motstandsdyktige mot nedbryting og utgjer ein stor del av avsetjingar på havbotnen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 12.09.2012