Hopp til innhold
 E-coli. Foto: Nathan Reading, flickr.com
E-coli. Foto: Nathan Reading, flickr.com
X
Innhald

Kolibakteriar

Kolibakteriar, parasittar som lever i tjukktarmen hos menneske og dyr. Som regel er dei uskadelege, men påvising av kolibakteriar i vatn i naturen er teikn på at det er forureina av ekskrement, og difor kan innehalde farlege smittestoff.
Arten Escherichia coli er ein viktig forsøksorganisme i studiet av DNA-molekylet og arvemekanismar og er mykje brukt ved genetisk manipulering for produksjon av verdifulle stoff, som til dømes insulin.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 12.09.2012