Hopp til innhold
X
Innhald

Krusflik

Krusflik (latin Chondrus crispus), 10–15 cm høg raudalge med kort, trinn stilk som flatar seg ut og blir vifteforma ved gaffelgreining. Arten er vanleg i små mengder langs heile kysten ned til 15 m djup. Saman med vorteflik dannar han råstoffgrunnlaget for karrageninframstillinga i Noreg. Det meste av råstoffet blir innført frå Irland.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 12.09.2012