Hopp til innhold
X
Innhald

Østerstjuv

Østerstjuv (latin Colpomenia peregrina), brunalge som dannar hole kuler på opptil 20 cm i diameter. Kulene kan fylle seg med luft ved lågvatn og lyfte mindre muslingar, til dømes østers, når vatnet stig. Arten veks på andre algar, steinar og muslingar. Han kjem opphavleg frå Nord-Amerika, men har sidan om lag 1900 spreidd seg frå Frankrike og nordover til Trøndelag.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 12.09.2012