Hopp til innhold
X
Innhald

Planteplankton

Planteplankton eller fytoplankton, gruppe av plankton som hovudsakleg omfattar eincella, mikroskopiske algar som lever i havet eller i ferskvatn. Mengda er bestemt av næringsinnhaldet i vatnet samt av tilgangen på sollys, som er nødvendig for fotosyntesen. I norske farvatn kan planteplankton utføre fotosyntese ned til 40–50 m djup, og i tropiske område ned til 200 m.
I planteplankton inngår både bakteriar, blågrønalgar, fleire flagellatgrupper samt kiselalgar. Dei dannar det primære næringsgrunnlaget for alt dyreliv i havet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 12.09.2012