Hopp til innhold
 Raudalgar. Foto: Ed Bierman, flickr.com
Raudalgar. Foto: Ed Bierman, flickr.com
X
Innhald

Raudalgar

Raudalgar (latin Rhodophyceae), gruppe av fastsitjande algar, dei aller fleste i saltvatn. Fargen kjem av eit raudt fargestoff, fykoerytrin, og eit blått, fykocyan, som dekkjer over det grøne klorofyllet, men raudalgar har likevel vanleg fotosyntese. Storleiken varierer frå mikroskopiske enkeltceller over trådforma til buskaktige og flate, bladliknande individ på 30–40 cm. I norske farvatn kan raudalgane leve ned til 40–50 m djup, og i tropiske farvatn heilt ned til 200 m.
Mange artar blir brukte industrielt. Krusflik og vorteflik gir fortjukkingsmiddelet karragenin, og slektene Gracilaria og Gelidium dannar utgangspunkt for agar-produksjon. I Japan dyrkar ein mellom anna fjørehinne til mat, og i Noreg vart søl brukt som mat og fôr i dårlege år.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 12.09.2012