Hopp til innhold
  
 Sagtang. Foto: Jørgen Schyberg, flickr.com
Sagtang. Foto: Jørgen Schyberg, flickr.com
X
Innhald

Sagtang

Sagtang er vanleg langs heile kysten vår. Arten vert brukt  i husdyrfôr og til tangmjølproduksjon.
Sagtang (latin Fucus serratus), hummartang eller havtang, inntil 1 m høg brunalge med flate, bandforma skot som er grovt sagtanna. Om hausten svulmar skotspissane opp og det dannar seg hannlege (anteridium) og holege (oogonium) kjønnsorgan. Av dei befrukta egga veks det opp nye planter.
 
Sagtang er vanleg på fjellgrunn langs heile kysten, unnateke på dei aller mest uverna og utsette stadene. Tangen dannar breie soner frå den nedre delen av fjøresona til eit par meters djup. Arten blir brukt i husdyrfôr og til tangmjølproduksjon

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 21.09.2012