Hopp til innhold
X
Innhald

Skulpetang

Skulpetang (latin Halidrys siliquosa) eller skolmetang, inntil 2 m lang brunalge. Han har slanke, lêraktige, forgreina skot med avlange flyteblærer som er delte inn i 5–15 rom. Arten veks ned til fleire meters djup, og han er vanleg langs kysten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 12.09.2012