Hopp til innhold
 Stortare. Foto: Chris Howard, flickr.com
Stortare. Foto: Chris Howard, flickr.com
X
Innhald

Stortare

Stortare dannar store undersjøiske tareskogar langs heile norskekysten.

Stortare (latin Laminaria hyperborea), den største algearten i Noreg. Stortare dannar store undersjøiske tareskogar langs heile norskekysten, men mest på utsette stader. Frå rotliknande festeorgan veks det opp ein loddrett, opptil 3 m høg, knudrete stilk med ein opptil 1 m brei, bladliknande del som er splitta i breie flikar. Tareskogen er tettast på 1–10 m djup, men går ned til om lag 30 m.
Tidlegare brukte ein stortareoske til utvinning av soda (natriumkarbonat) for glasproduksjon, og i dag har arten stor verdi som råstoff for utvinning av alginat. Stortare blir også kalla trolltare, palmetare, stokktare, stolpetare, hestetare, havtare og korgtare.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 28.09.2012