Hopp til innhold
X
Innhald

Strålesoppar

Strålesoppar (latin Actinomyces), slekt av bakteriar som ein tidlegare rekna som sopp på grunn av greinete mycel. Dei opptrer på poteter (potetskurv), halm, gras, kadaver og er ein del av den normale bakteriefloraen hos dyr og menneske. Éin art kan gi ein farleg, smittsam sjukdom, aktinomykose, som går til angrep på kjevar, hals, lunger og tarmkanal. Aktinomykose blir behandla med penicillin.
Mange strålesoppar blir no rekna til slekta Streptomyces, som har vorte viktig som produsent av ei lang rekkje typar antibiotika.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 12.09.2012