Hopp til innhold
X
Innhald

Svovelbakteriar

Svovelbakteriar, bakteriar som har evna til å oksidere ulike svovelsambindingar, slik at svovel blir frigjort og kan bli utnytta av planter på nytt. Slik snakkar ein om eit svovelkretsløp i naturen.
 
Enkelte svovelbakteriar er grøne og kan utføre fotosyntese, andre er fargelause og har i staden kjemosyntese. Svovelbakteriane lever i jord eller vatn som er rikt på hydrogensulfid.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 12.09.2012