Hopp til innhold

 Blæretang. 
Foto: Arild Nybø, flickr.com
Blæretang. Foto: Arild Nybø, flickr.com
X
Innhald

Tang

Tang, nemning som i snever forstand omfattar ein del fleirårige, brune algar som held til i fjøresona samt noko djupare. Dei viktigaste artane er spiraltang, blæretang, sagtang, sautang, grisetang og knapptang. Nemninga blir òg brukt om enkelte store raudalgar, som gaffeltang og gelatintang (karragenalgar).
Tare har vore nytta som fôr, særleg i naudsår. Artane har stort innhald av vitamin og andre sporstoff. Det meste av norsk tangmjølproduksjon blir eksportert.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 12.09.2012