Hopp til innhold
X
Innhald

Vorteflik

Vorteflik (latin Gigartina stellata), raudalge som liknar krusflik både når det gjeld utsjånad og innhaldsstoff. Arten har gaffeldelte, flate skot. Fargen er mørk raudfiolett til lys gul, avhengig av alder og veksestad. Han finst omkring lågvasslinja frå Arendal til Finnmark.
 
Vorteflik blir brukt som råstoff for framstilling av fortjukkingsmiddelet karragenin. Eit anna namn på arten er gelatintang.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 12.09.2012