Hopp til innhold
X
Innhald

Aerodynamikk

Aerodynamikk er ein vitskap som beskriv rørsler og krefter i straumande gassar, først og fremst luft. Aerodynamikken spelar ei stor rolle ved konstruksjon av fly, rakettar og bilar, og også ved utforming av bygningar, bruer og sportsutstyr.
 
Aerodynamikk har hatt interesse sidan Leonardo da Vinci. Briten George Cayley (1773–1857) gjorde matematiske utrekningar for ei flyvengje, men aerodynamikk i moderne forstand kom først med bruken av fly ved byrjinga av 1900-talet. Den tyske fysikaren Ludwig Prandtl (1873–1953) starta den matematiske og teoretiske basisen, og han blir rekna som grunnleggjaren av aerodynamikken. 
 
Den ungarske ingeniøren Theodore von Kármán (1881–1963) spela ei sentral rolle innan turbulensteori og moderne supersonisk flyging.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011