Hopp til innhold
X
Innhald

Damp

Damp er gass danna ved fordamping. Viss ei væske blir plassert i eit lukka rom, held ho fram med å fordunste inntil damptrykket (det same som partialtrykket) har nådd ein viss verdi, mettingstrykket. Dette stig raskt med temperaturen. Blir trykket auka eller temperaturen senka, blir ein del av dampen igjen utskild som væske.
 
Synleg «vassdamp», til dømes over ein kokande kjele, er ikkje damp, men små vassdropar. Vassdamp er usynleg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011