Hopp til innhold
X
Innhald

Dispersjon

Dispersjon (frå latin, spreiing). I fysikken er dispersjon ei nemning på lyset si fargespreiing ved bryting. Nemninga blir også brukt om til dømes dispersjon av lydbølgjer. 
 
I kjemien blir nemninga brukt om fordeling eller blanding av stoff der den eine fasen av stoffet består av små partiklar som er fordelte i den andre fasen (til dømes gass–væske, fast stoff–væske og så vidare). Ofte er det nødvendig med eit dispergeringsmiddel for å oppnå jamn fordeling av partiklane.

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011