Hopp til innhold
X
Innhald

Elektronoptikk

Elektronoptikk er eit fagfelt innan fysikken. Fagfeltet voks fram i den andre halvdelen av 1920-åra då ein oppdaga at elektron viser både partikkel- og bølgjenatur, materiebølgjer. Elektron som passerer gjennom elektriske og magnetiske felt, vil forandre rørsleretning. Dette blir utnytta blant anna i elektronmikroskop, der linsene som dannar det optiske systemet, er elektromagnetar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011