Hopp til innhold
X
Innhald

Elektrosvak teori

Elektrosvak teori foreinar elektromagnetiske krefter med svake kjernekrefter. Elektrosvak teori beskriv såleis ei meir fundamental elektrosvak kraft med fire feltkvant; fotonet, som formidlar krefter mellom elektriske ladningar, og tre såkalla vektorboson, W+-, W--, og Z0-partiklar, som formidlar den svake kjernekrafta.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011