Hopp til innhold
X
Innhald

Fiberoptikk

Fiberoptikk. Tynne, bøyelege glastrådar leier lys praktisk talt utan lekkasje gjennom sideveggene. Fordi lyset her blir totalreflektert og held fram i sikksakk på langs gjennom tråden, kan det gå fleire kilometer før lysstyrken er halvert. Tverrmålet på tråden er omkring 0,1 mm.
 
Fiberoptikk blir brukt i medisinen for å fotografere i dei indre organa i kroppen og i telekommunikasjon for å sende telefon- eller datasignal. Det første telefonsambandet i Noreg basert på fiberoptikk blei oppretta i 1983.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011