Hopp til innhold
X
Innhald

Geigerteljar

Geigerteljar, geiger-müllerteljar, GM-røyr, er eit instrument til registrering av radioaktiv stråling. Instrumentet blei først konstruert i 1913 av H. Geiger og forbetra av han og W. Müller i 1928. Ein ioniserande partikkel som trengjer inn i røyret, utløyser ein elektrisk straumstøyt som blir registrert som ei «teljing» ved hjelp av forsterkarar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011