Hopp til innhold
X
Innhald

Gitter

Gitter er i optikken rette, parallelle linjer med same avstand rissa inn i ei glasplate eller fotografert på film. Det blir laga gitter med opptil 2000 linjer per mm. Når ein lysstråle samansett av fleire fargar går gjennom eit optisk gitter, vil det, sidan lyset har bølgjenatur, bli danna ei rekkje spektra til begge sider for midtlinja.
 
Gitter blei funne opp av Fraunhofer i 1821 og har sidan vore eit av dei viktigaste hjelpemidla for undersøkingar av lyset frå stjerner og frå atom.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011