Hopp til innhold
X
Innhald

Gneiste

Gneiste er ein partikkel som gløder eller brenn, til dømes jern som er blitt varma opp ved eit slag mot stein. Særleg høg temperatur gir ei legering av cerium og jern, og ho blir brukt i sigarettennarar og liknande. Ein elektrisk gneiste er eit lys frå gassmolekyl ved ei kortvarig elektrisk utlading.
 
For å danne ein gneiste i luft må spenninga vere omkring tusen volt i eit 1 mm gneistegap.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011