Hopp til innhold
X
Innhald

Halvleiarar

Halvleiarar er stoff som leier elektrisk straum betre enn isolatorar, men ikkje så godt som metall.
 
Det finst to grupper av halvleiarar. Den eine er ioneleiarar, der transporten av elektrisk energi heilt eller delvis går føre seg ved ladde atom. Den andre er elektronleiarar, der transporten berre går føre seg ved elektron. Konduktansen i halvleiarar er avhengig av konsentrasjonen av ladningsberarar, og han kan endrast ved energipåverknad utanfrå, anten i heile krystallen eller i delar av han.
 
Dei mest brukte halvleiarane i elektronikk er germanium, selen og silisium. Transistorar og temperaturavhengige motstandar er sette saman av halvleiande materiale.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011