Hopp til innhold
X
Innhald

Kapasitans

Kapasitans er den evna elektrisk leiande lekamar har til å samle elektrisk ladning. Omgrepet blir mest brukt i samband med kondensatorar. Kapasitansen til ein kondensator er definert som forholdet mellom ladningsmengda på kvar av kondensatorplatene og potensialforskjellen mellom platene. SI-eininga for kapasitans er farad (1 F = 1 C/V).
 
Eininga har fått namn etter den engelske fysikaren M. Faraday.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011