Hopp til innhold
X
Innhald

Klang

Klang er lyd som er sett saman av fleire tonar, deltonar. Den tydelegaste deltonen er som regel den med lågast frekvens, grunntonen. Dei andre deltonane blir kalla overtonar.
 
Talet på overtonar og deira forskjellige styrke karakteriserer klangen, også kalla klangfarge.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011