Hopp til innhold
X
Innhald

Kondensasjonskjernar

Kondensasjonskjernar. Når damp blir avkjølt, vil han ikkje alltid bli kondensert til væskedropar, sjølv om han er metta. Det må finnast små partiklar, kondensasjonskjernar, som dropane kan danne seg rundt. Støv og sot er slike partiklar, og dei dannar tåke over byar og industristader. Ion og små iskrystall kan også danne skyar. Dogg kan danne seg ved kondensasjon på flater som er så vidt uregelmessige.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011