Hopp til innhold
X
Innhald

Kondensator

Kondensator (frå latin condensare, fortette).  Apparat som fortettar damp til væske. 
 
Kondensator er også ein elektrisitetssamlar, det vil seie eit apparat som samlar opp elektriske ladningar.
 
Ein kondensator består av to leiarar som er skilde frå kvarandre av eit isolerande materiale, til dømes luft, glimmer, papir eller plast. Viss ein kondensator blir kopla inn i ein straumkrets, blir han ladd opp, det vil seie at den eine leiaren får negativ og den andre positiv ladning. Ladningen som kondensatoren tek opp, er avhengig av storleiken på leiarane (ofte plater eller foliar), avstanden mellom dei og det stoffet som skil dei. K
 
ondensatoren si samleevne blir kalla kapasitet eller kapasitans og blir målt i farad.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011