Hopp til innhold
X
Innhald

Krystall

Krystall er ein fast lekam som er oppbygd av atom eller molekyl ordna regelmessig i rommet. I 1850 blei det teoretisk påvist at det finst 14 prinsipielt forskjellige måtar å ordne dei på. I 1891 blei det vidare kartlagt at det innanfor desse 14 såkalla romgittera finst 230 forskjellige måtar å ordne atoma (molekyla) på. Dei 230 romgruppene blir delte i sju krystallsystem etter sine symmetrieigenskapar: 1) kubisk (til dømes svovelkis og granat), 2) tetragonal (koparkis), 3) heksagonal (apatitt), 4) trigonal (kvarts), 5) rombisk (svovel og topas), 6) monoklin (lys glimmer), 7) triklin (anortitt).
 
Krystalliserte mineral i naturen er ofte skeive og trekte saman fordi somme krystallflater har hatt høve til å utvikle seg betre enn andre. Vinkelen mellom flatene er likevel alltid den same (Stenos lov, 1699). Romgittera har ulik struktur, og det er årsaka til at krystalla har forskjellige eigenskapar. Dei fleste stoff er bygde opp av krystall. Det viktigaste unnataket er glas, som er underkjølt væske.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011